Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søster-brørne og andre gjensyn på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 7. desember 2025

Julepremierane er ikkje pakka opp, og medan ein ventar på dei, så går det mest i gjenbruk på Surnadal kino. Ein får rett nok sjansen til å få med seg gode norske juleprestasjonar på kinoen denne veka, men det er likevel mange grunnar til å ta turen til kinoen også denne veka. 

STARGATE

Foto: Daniel McStay/Motlys, SF Norge

Har ein ikkje fått med seg Startgate med fabelaktige Luiza Idrizi som unge Ronja, bør ein absolutt vurdere å ta turen. Stargate – En julefortelling er ein kontrastfull film, der barnleg glede og ungdommeleg ansvarskjensle blir utfordra av farens rusproblem. Ingen familiefilm akkurat, men med kvalitetar som fortener eit stort ungdommeleg og vakse publikum.

HVIS INGEN GÅR I FELLA

Den andre norske julefilmen derimot, Hvis ingen går i fella er meir rett fram julemoro, i slekt med «Alene hjemme»-filmane og er «førsteklasses familieunderholdning» (Dagsavisen).

Zootropolis 2

Foto: Disney Enterprises, Inc.

To nye «romartalfilmar», altså oppfølgarar, denne veka. Zootropolis 2 er ein av dei, er ein animasjonsfilm også tenkt som familieunderhaldning. For å halde oss til Dagsavisen: «Zootropolis 2 er oppriktig vittig, smart, velskrevet, visuelt overdådig og en sann fornøyelse for alle aldersgrupper».

FIVE NIGHTS AT FREDDY’S 2

Den andre er Skrekkfilmen Five Nights at Freddy’s 2 har langtfrå fått dei same god-orda med kritikarane. Men over 100.000 såg den første filmen på kinoen, så det er nok nokon der ute som truleg er ute etter å bli skremt ein gong til …

THE SISTERS BROTHERS

Filmklubben gjer ei viktig endring denne veka, da filmklubbfilmen denne veka blir vist tysdag 9. desember klokka 12:00. Filmen som blir vist er The sisters brothers frå 2018. Filmen skil seg litt frå andre westernfilmar ved at den viser litt meir av kvardagslivet på 1850-talet, m.a. introduksjonen av noko nytt som blir kalla «tannbørste». Men innimellom komiske pustepausar blir det mest drama og action: «The sisters brothers greier å være både voldelig og rå, intim og øm og morsom – på en og samme tid», meinte Bergens Tidende og dei fleste kritikarane ser ut til å ha hamna på same konklusjon og trilla til fem på terningen.

Heile kino- og kulturprogrammet ser ein på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 7. desember 2025, 14:13