Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sosialt på «pårørandekafe», men plass til fleire

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. februar 2026

Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterte onsdag ettermiddag til «pårørandekafe» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Kafeen held ope frå 18:00 – 20:00 ein onsdag kvar månad. Tanken er at «pårørandekafeen» skal vere ein fristad der omsorg og fellesskap, saman med ein kopp kaffe, går hand i hand. 

Onsdag kveld vart den tredje «pårørandekafeen» arrangert, og det vart ei sosial og triveleg stund for dei som stakk innom for ein kopp kaffe og noko å bite i. Brit Moen, frå Surnadal sanitetsforening og Bente Mogstad frå Surnadal Demensforening og helselag var vertskap denne kvelden.

– Dette er ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringer eller andre livsutfordringar, fortalte dei to.

– Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse, så her er pårørande frå nabokommunane våre også velkomne, la dei to til. 

Så langt har ikkje besøket på «pårørandekafeen» dei tre opningskveldane vore all verda, så arrangørene ønsker tilbakemeldingar og innspel på korleis dei skal nå fram til målgruppene på ein betre måte.

Da er utordringa gjeven, så er det berre å kome med synspunkt og innspel, for dette er eit skikkeleg positivt tiltak med ei stor målgruppe!

Først publisert: 5. februar 2026, 14:50 - Sist oppdatert: 9. februar 2026, 10:18