Frå torsdag 1. januar overtek Sondre Halset, gjennom selskapet L. Hals AS eigarskapet og drifta av Matkroken Todalen frå L. Hals Eftf. AS, og det 113 år gamle selskapet L. Hals Eftf. AS går over i historibøkene. Fredag 2. januar blir første driftsdag for L. Hals AS når Matkroken Todalen opnar dørene klokka 09:00. Sondre får med seg Jorid H. Ansnes som assisterande butikksjef, ei stilling ho også har hatt i mange år i L. Hals Eftf AS.
Sommarjobb og ekstrahjelp tente handelsmannsspiren
Sondre arbeidde som sommarvikar og ekstrahjelp på butikken frå 2001 – 2005, – Det var nok da handelsmannspiren i meg vart tent, fastslår han.
– Eg trivdes med arbeidet og å vere saman med folk, legg han til.
Og frå fredag 2. jaunar vil han altså bli å finne på butikken i full stilling.
Sondre har fleire gonger vore inne på tanken om moglegheita for å overta butikken dei siste åra, men det var ikkje før akkurat no den rette timinga var der, og han og Terje vart fort samde om detaljane i overtakinga, så da var det berre for Sondre å slå til. – Når det først skulle bli butikk på meg, hadde ikkje anna enn Todalen vore aktuelt, avsluttar Sondre.
– Eg er særs godt nøgd med at Sondre no kjem heim og overtek drifta, seier Terje. – Eg veit han har fått mange oppfordringar om å gjere dette frå fleire, og eg er sikker på dette blir ei bra løysing, legg han til.
Lang erfaring frå BDO
Etter at Sondre var ferdig med økonomiutdanninga, vart han i 2007 ansatt som revisor i BDO, eit selskap som driv innafor bransjane jus, revisjon og rekneskap. I 2015 vart Sondre IT-leiar og var ansvarleg for BDO si IT-avdeling i Midt – Nord, som geografisk strekker seg frå Molde til Longyearbyen, og han slutta i denne stillinga no til jul.
Held fram drifta som i dag
I første omgang vil Sondre halde fram drifta av Matkroken Todalen slik vi kjenner den i dag. Dette inneber at han vidarefører drifstoffsal, jernvareavdelinga og landbruksdelen av butikkdrifta.
På personalsida blir Jorid med vidare i full stilling, medan Margrete blir med som ekstrahjelp på helg og anna tilkallingshjelp blir å sjå.
– Kan sjølvsagt ikkje utelukke at det blir nokre endringar i drifta på litt sikt, både med tanke på opningstid eller driftskonsept, men først og fremst skal kjerneverksemda slik de kjenner den i dag vidareførast, så får vi sjå kva for nyvinningar vi lanserer framover, avsluttar Sondre.
Markerer eigarskiftet med kaffe og kake
Fredag 2. januar er første driftsdag for L. Hals AS, og det markerer Sondre og Jorid ved å invitere til gratis kaffe og kake. Dei serverer kaffe og kake heile dagen, eller så lenge dei har kake! Dei ønsker velkommen innom til ein hyggeleg start for L. Hals AS og det nye året.
Utan Terje Nordvik hadde det ikkje vore butikk i Todalen lenger
31. juli 2024 var Terje sin siste ordinære arbeidsdag på butikken. Da overtok Jorid drifta av Matkroken Todalen. Men Terje var framleis eigar av varelager og bygningar, og han har steppa inn og vore til god hjelp i perioden frå 1. august 2025 og fram til i dag.
– Utan Terje si hjelp hedde eg aldri forstått meg på eller greidd å drive Matkroken Todalen i denne preioden. – Terje har vore til uvurderleg hjelp og støtte gjennom heile perioden og skal ha all ære for at det fremleis er butikk her i Todalen, seier ei takknemleg Jorid.
– Han er ein ekte Todals-patriot og gjer alt han kan for at Todalen skal vere ei bra bygd å bo i, legg ho til.
Terje har i samband med eigarskiftet laga ei lita pressemelding ein kan lese nedanfor:
L. Hals Eftf. As Matkroken Todalen
Til alle kundar (bygdafolk, feriehusfolk, hyttefolk og turistar)!
Som dei aller fleste er kjent med, så har eg min siste dag som eigar av butikken 31.12.2025.
Frå 1. januar 2026 tek Sondre Halset over som ny eigar og drivar av butikken på Kvendset. Han får med seg Jorid H Ansnes som mentor og nestkommanderande. Ho har vore ansatt på butikken i 27-28 år, og har dei siste 18 månadane vore drivar av butikken, og har gjort ein kjempeinnsats med svært lange dagar, og har klart å halda butikken på same nviå som da ho tok over. Jorid kan det meste av det som foregår i butikken, og blir eit «must» å ha for Sondre ved sin side. Sondre har vore ansatt på butikken i sine unge dagar som sommarvikar. No flyttar han heim frå Trøndelag, og blir 100 % handelsmann frå 1.1.2025.
Halsbutikken og HalsOil fortsett med Sondre, som har etablert firmaet L Hals AS.
Og for de som vil og treng ein butikk i Todalen, vil eg da nytta høve til å oppfordre alle til å støtta butikken frå dag 1. Eg reknar med at alle veit kor vanskeleg det er å få ein utkantbutikk til å overleva. Det er ikkje ein 8 – 16 jobb. Nei det er ein livsstil og ein patriotisme av både handelsmann og ansatte, som gjer at enkelte slike butikkar fortsatt kan overleva. Sondre & co treng all den støtta dei kan få. Matkroken må auka omsetninga (ta frå handelslekkasjen) for å klara seg. Vil todalingane ha butikk, må dei handla der, og sjå bort frå pris og utvalg i dei store kjedebutikkane på Skei.
I tillegg til butikken, vil kaffekroken forsvinne, vi mistar Posten (pakkeutlevering ut og inn), Postnord utlevering og Norsk Tipping. Det er også noko å tenkja på.
Slik er dagens situasjon for innbyggjarane som vil ha butikk på øyer og i utkantnorge. Det er opp til innbyggjarane sjølv. Det er ikkje nok at naboen handlar – du må gjer det sjølv!
I motsatt fall kan det fort bli ei overraskande overskrift på todalen.no ein dag! Kan berre visa til dei tre siste åra i vårt nærområde – Ålvundeid S-marked nedlagt 2022 – Matkroken Meisingset ned lagt 2024, Joker Rennebu nedlagt 2025, S-marked Vevang nedlagt 2025 og 21. desember2025 legges Matkroken Steinsgrenda på Averøya ned.
På indre nordmøre kjempar butikkane i Bæverfjord, Bøfjord, Ålvundfjord, Nybø Rindal og Gjøra med å overleva.
Så vil eg takka alle kundar for eit langt og godt samarbeid, både alle daglegvarekundar, Talgø og andre næringskundar.
Og eg vil også takka alle lag og foreningar i «gamle Stangvik» (Stangvik, Kvanne, Nordvik og Todalen) for god støtte gjennom mange år for innkjøp til sine arrangement.
Og eg håpar inderleg at vi vil klarar saman å ha Halsbua og kaffekroken åpen også i framtida!!!
Terje N
Vi ønsker Sondre lykke til som ny eigar og drivar av Matkroken Todalen, samtidig som vi takkar Terje for god service og ståpåvilje gjennom mange år!


