Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarmagasinet – rett i postkassen din i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juni 2026

I dag – eller ein av dei første dagane – finn du eit spenstig og friskt sommarmagasin med mykje godt stoff om det som skjer i Surnadal i sommar.  Magasinet et på 52 sider, og er signert Thons reklameavdeling i Surnadal.

Mykje godt lokalstoff – mellom anna 3 sider om aktivitetar i Todalen. Foto Thon Reklame

Det nye sommarmagasinet er fulldistribuert til alle heimar i Surnadal og omliggande kommunar inkludert Kristiansund by.  Magasinet er prega av mange flotte bilde som Nathan Lediard er ansvarleg for.  Det er fullspekka av lokalt stoff – litt frå alle kantar av kommunen og er både interessant og artig å lese – samtidig som du kjenner deg att og kjenner mange som er omtala i magasinet.

Aktivitetar i Surnadal i sommar – legg merke til at Todalsdagen har hamna på feil dato 4. juli, men skal være 27. juni. Foto Thon Reklame

Det er og ein del Todalsstoff i magasinet – om Talgø som bærebjelke i Todalssamfunnet og 3 sider om det som skjer i Todalen no om dagen, slik som Galleri Sand Nordmøre, Gammelfabrikken, Todalshytta, urmakar Evensen, ny drivar på Matkroken, Todalen Meieri – og mykje meir. Elles kan vi nemne SKUV som kulturmotor, Frichs hotell på offensiven, Sparebankstiftelsen, Grefstad bil, Surnadal Næringsforening, Nybutikken til Eiksenteret og mykje meir.

«Opplev Surnadal 2026» – Aktivitetskalenderen ligg som innstikk i Surnadalsmagasinet som kjem i postkassen i dag. Foto Thon Reklame

I det nye Surnadalsmagasinet finn du og eit innstikk – «Opplev Surnadal 2026» som inneheld ein aktivitetskalender, der det meste av det som skjer er samla – mellom anna programmet for Midtsommarfesta i Surnadal som skjer 19. – 30. juni.  Her er og Todalsdagen presentert, men har fått feil dato – Ikkje 4. juli, men 27. juni er korrekt dato. 

Her har vi lagt ut ein link til blabare versjonar av både Sommarmagasinet og til aktivitetskalenderen

 

Først publisert: 1. juni 2026, 07:00 - Sist oppdatert: 31. mai 2026, 11:59