Dersom ein treng barnehageplass frå august i år, så er fristen for å søke om plass ved hovudopptaket 15. februar. Dersom ein allereie har barnehageplass, treng ein ikkje søke på nytt.
Hovudopptaket gjeld for barnehageåret 2026/2027, som tek til frå 15. august. Ein må søke innan fristen, dersom ein skal ha ny barnehageplass eller endre plassen ein allereie har. Det same gjeld om ein ønsker overføring til ein annan barnehage.
Dersom ein allereie har ein søknad inne for barnehageåret 2025/26, og framleis ikkje har fått plass, må ein sende inn ein ny søknad for å bli vurdert for opptak i det nye barnehageåret.
Les meir om barnehageopptak i Surnadal kommune.
Slik søker ein:
Klikk på lenka under, da kjem ein til det elektroniske søknadsskjemaet. Logg inn med ID-porten, fyll ut skjemaet og send det inn.
Søk barnehageplass