I dag var det start for førsteslåtten, og først ute var Todalen Mjølk som har kjøyrt med slåmaskina det meste av dagen. Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk seier at det er tidleg slått i år, men slett ikkje rekordtidleg. For eit par år sia var vi i gang den 28. mai, berre for å ta eit eksempel.
Ståle seier at det er ujamn grasvokster i år – det er ein god del vinterskade, og det ser ut som gamle ekrer kjem dårlegast ut, medan nyenga ser ut til å ha takla vinteren betre. Todalen Mjølk reknar med å ha førsteslåtten i hus i løpet av fredagen. Vi startar no med tanke på at vêrmeldinga er dårlegare for neste veke.


