Torsdag hadde Todalen og Stangvik oppvekstsenter si årlege skulegudsteneste i Todalen kyrkje. Dermed vart det ein busstur innover til Todalen med heile gjengen.
For å gjera litt ekstra ut av det arrangerte dei lystog med start frå Todalen skule og ein marsj som gjekk gjennom Halagrenda, Husbygrenda og nedover til Todalen kyrkje. Elevane hadde enten faklar, lommelykt og somme hadde ingen ting etter eige ønske.

Sokneprest PÅl Arne Winsnes fekk god hjel av elevane til lesing lystenning og song. Foto Oda Halle m/fleire
Det vart ei fin stund i kyrkja, der elevane bidrog med lesing, lystenning og fin song, skriv Oda Halle som har sendt oss nokre bilde frå arrangementet i dag.



