Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skifter til LED – sparer 70% på straumkostnaden

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juli 2026

Onsdag var Kristiansundfirmaet HNNLED i full gang med skifte av lysrør og ein del gammeldagse armaturar for å skifte over til LED-lys.  Frå i dag blir alle lysrør skaifta over til LED-teknologi for å spare straum og for å spare miljøet.  Matkroken Todalen vil spare rundt 70% av energien som er bruka til lys – i tillegg vil det bli betre lys. 

Innei butikken skal alle lysrør både i butikken og på lageret skiftes. Dette vil redusere energibruken med rundt 70% til belysning. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Geir Nordli og Jan Erik Hannaseth frå HNNLED AS som skal utføre jobben.  Ute blir armaturane skifta, medan armaturane i butikk og lager blir modifisert for bruk av LED-lysrør og lysrøra blir skifta ut.  – Dei to kunne beretta at Matkroken vil spare inn innvesteringa på energibruken i løpet av eit års tid.  På denne måten får ein skifta til til ny og miljøvenleg teknologi til halve prisen, og det er minst like bra.  

– Vi er opptekne av å spare miljøet og dette blir eit av våre bidrag til det grøne skiftet, seier Sondre Halset som er kremmar ved Matkroken Todalen.  – Betre lys med 70% sparing er verdt å ha med seg.  

Publisert: 29. juli 2026, 10:14