Frå Hubertine Roebroke har vi fått bilder frå skeiseisen på Gråsjøen, og ho fortel at heile Gråsjøen har fosset til – noko som er heilt uvanleg etter som ho fortel. Det er litt meir ujamn is enn isen på Gjevilvatnet, og det er meir snø på isen til lenger innover du kjem. Men det går godt an å ga på skeiser langt innover Gråsjøen.

Litt «Hauis» gjer at det er litt problematisk å kome seg utpå isen. Gråsjøen er regulert og når den blir tappa ned så blir det «hauis» slik som på sjøisen når ein opplever flo og fjære. Foto Husbertine Roebrok
Men på same måten som på Gjevilvatnet så kan det være litt probrematisk å kome utå, for Gråsjøen er også tappa ned litt, slik at det blir ein vanskeleg «hauis» attmed land. I og med at Gråsjøen er regulert og som no blir tappa ned i samband med straumproduksjon, så må folk som ferdes på isen på Gråsjøen utvise stor forsiktigheit.

