Måndag var det organisert rognutsetting i Toåa. Statkraft og Rossåa Settefisk sette ut rundt 10 000 rogn, fordelt på 21 Vibertboksar frå Mela og Raudåhølen og nedover til Øyabrua.
Dette er befrukta rogn som er til overs etter at det er produsert nok yngel for eige behov for Toåa. Rossåa settefisk ønskjer å nytte ut dette overskottet og søkjer kvart år om lov til å sette ut befrukta rogn som er til overs, og f9or å unngå pålegget om å destruere det som blir til overs.

Klart for utsetting av rogn i Vibertboksar – Boksane er merka med gule band og vi ber om at dei får ligge i fred. Foto Rossåa settefisk
Ein interessant detalj i denne samanhengen er at rogna no går i naturleg elvevatn frå Toåa i heile perioden etter strykinga. Tidlegare har nemleg rogna starta livet ianlegget i Rossåa, men denne gongen har den vore mesteparten av tida i stamhuset ved Bjøråa. Temperatur og miljø er derfor meir likt elvas naturlege kvalitet og gir derfor gunstige forutsetningar for å utvikle seg videre i elven.

Her er ein Vibertboks plassert ut i elva – vi ser såvidt det gule bandet i vatnet. Foto Rossåa Settefisk
Elles tykkjer vi det er litt viktig å informere om at Vibertboksane er merka med gule band, og vi sett stor pris på at boksane får ligge i fred i elva. Vi vil samle inn boksane og kartlegge overleving når klekkeperioden er over. Dette er til stor hjelp for oss og forvaltningsmyndigheita og gjev oss viktig informasjon i arbeidet vårt.

