Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste strikkekaffen før ferien

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mai 2026

No er vi inne i ei travel tid med våronn i hagen, konfirmasjonstid og mykje anna som skjer utover våren.  Derfor signaliserer Todalen sanitetsforening av dagens strikkekaffe er den siste før ferien. Dermed blir det ein lang ferie med mange andre aktivitetar før strikkekaffen startar på til hausten igjen – etter at det har begynt å bli mørkt om kveldane i gjen. 

Heile gjengen samla rundt bordet, der både praten og strikkepinnane gjekk livleg. Foto Jon Olav Ørsal

I dag var det 11 damer samla til strikkekaffe i Sanitetshuset på Kvennset, der Helen Saksen og Kari Kvendset var vertskap. Vi passa sjølvsagt på å stikke innom, slik at vi kom til høveleg tid til kaffeserveringa, og dermed vart både varm eplekake med is og nystekte bakels med mølsgraut til.   På programmet i dag var det utlodding og sjølvsagt fall vi for fristinga til å ta del i den, men mottoet «Kjøp lodd og bli ein vinnar».

Utlodding er populær aktivitet – mottoet er vel «Kjøp lodd og bli ein vinnar»? Foto Jon Olav Ørsal

Elles gjekk både strikkepinnane og praten livleg rundt bordet og gjengen hadde det nok triveleg i lag, sjølv om «ferien» nærma seg faretruande.

Publisert: 2. mai 2026, 15:05