Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart for randogjengen i Trollheimen fjellsportklubb

Jon Olav Ørsal Sundag 7. desember 2025

I helga var det sesongstart og start for ein ny sesong med NorgesCup for rando-gjengen i Trollheimen fjellsportklubb.  3 av klubbens medlemar deltok i sesongstarten som foregikk i Skorgedalen med Molde og Omeng IF som vertskap. Sesongstarten i Skorgedalen var ein del av treningssamlinga på Bjorli som altså vart avslutta med konkurranse i Skorgedalen.

Isak og Aron klare for dagens sprint i Skorgedalen. Foto Vigdis Rodal

Og det går vel an å seie at dei tre frå Trollheimen fjellsportklubb viste gode takter når Isak Drøpping vann den individuelle konkurransen i går med Aron Rodal Haugen nokre fattige sekund etter på andreplass.  Steinar  Johansen Aarvåg kom på 4.-plass. I dagens konkurranse i sprint vart det omvendt – Aron gikk til topps, medan Isak hamna på ein 2.-plass  – Steinar Johansen Aarvåg kom i dag på ein 8.-plass.  

Steinar Johansen Aarvåg i sporet – i går vart det 4. plass i individuel og i dag 8. i sprinten – han går i seniorklassen. Foto Vigdis Rodal

Godt gjort at ein slik liten klubb som Trollheimen Fjellsportklubb skal klare å hevde seg så godt.  Både Isak og Aron satser for fullt, og er for andre året med på juniorlandslaget.  Erik Kårvatn er den tredje frå klubben som er på landslaget – han er på seniorlandslaget, som i disser dager er i USA og forebur seg på OL-sesongen og deltaking i OL i Cortina på etterjulsvinteren.  Vi går ein spennande vinter i møte med både WC for juniorar på «indre» og alså OL i Cortina.  

 

 Trollheimen Fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

Publisert: 7. desember 2025, 16:50