Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt – klart for vinteropplag

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. oktober 2026

Ved utgangen av oktober er det nok berre å innsjå at sesongen er slutt, og da er det nok på tide å ta båten på land og førebu vinteropplag.  I dag var vi med som tilskuar når Gudmund Kvendset og Anders Halset tok på land kvar sin båt.  Det er nok ikkje meir enn ei lita veke sia sist dei var ute med «nattstått bruk», men fangsten var liten og dei to konkluderte med at det var like bra å avslutte sesongen før problem med is i hamna laga problem.

Med vinsj er det lttvint å få båten oppå tilhengaren. Foto Jon Olav Ørsal

Gudmund bruka ATV og båthenger med vinsj får å ta på land båten, og da var det fort gjort.  Anders hadde og båthengar og SUV til å dra hengar og båt til trygg oppbevaring på land.  Etterpå var det berre 3-4 båtar igjen i hamna, og dei blir vel og henta opp dei næraste dagane.  Dermed kan Todalen Båtforening klargjera båthamna for ein ny vinter og være førebudd både på islegging og  haust- og vinterstormar som sikkert kjem i år og.   

Klart for neste båt – no blir det pause til etter påske konkluderer Anders og Gudmund. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. oktober 2026, 13:01