Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Sesongopning i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. mai 2026
Laurdag 9 mai ønsker Svinviks arboret velkommen til årets sesong i arboretet.

Sommarkafeen opnar laurdag 9. mai og er open  klokka 11:00 – 16:00, og er open laurdag og søndag.

Frå og med onsdag 24. juni er sommarkafeen open onsdag til søndag

Laurdag 9. mai klokka 12:00 kan ein vere med på vårvandring i hagen. Dette er ein fin sjanse til å oppleve vårblomstringa, med museumsgartner Patrick Nilsen, inkludert i ordinær billett.

Arboretet kan ein forresten besøke når ein sjølv ønsker. Da betaler ein med Vipps-billett ved porten.

Årets salgsplanter er på plass, i år har arboretet også noko frå eigen produksjon.

Arbpretet startar med opne omvisingar kvar onsdag frå 20. mai og utover forsommaren.

Følg med på arboretet si heimeside Svinviks arboretNordmørsmusea for oppdatert informasjon om opningstider og anna informasjon.

Av årets arrangement i arboretet kan ein spesielt nemne samarbeidet med «La humla suse» den 13. juni og hagevandring med Stephen Barstow, ekspert på spiselege vekster, den 18. juni. For meir informasjon, sjå Svinviks arboret – Nordmørsmusea!
 
Svinviks arboret ønsker alle velkommen innom arboretet!
Først publisert: 8. mai 2026, 05:20 - Sist oppdatert: 9. mai 2026, 06:48