Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavsluttar med fjelltur til Svarrafjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. september 2026

Tysdag 29. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til sesongens siste fjelltur. Turmålet for sesongens siste tur er Svarrafjellet. 

– Dersom veret blir som meteorologane melder, prøver vi oss på Svarrafjellet, sjølv om veret neppe blir det same som det var 6. september 2022, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. 

Frammøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkjøring til parkeringsplassen i Skeisnebba, legg han til. 

– Dersom det blir for dårleg ver sett vi opp Damvatet som alternativ, avsluttar han.

Fjellgruppa ønsker vel møtt til medlemmer og andre!

Publisert: 26. september 2026, 08:15