Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutta med tur til Svarrafjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2026

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til sesongens siste fjelltur. Turmålet for dei tretti fjellvandrarane i det fine turvêret var Svarrafjellet. 

Oppstart frå Malibu, der vi fekk parkeringsløyve. Foto: Anne V. Einum

– Etter ein ettersommar og haust med regn og utfordringar med blaute stiar fekk fjellgruppa ei avslutting på årets sesong ein tur med sol, vindstille, klår himmel og haustluft, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. 

Vi klyv til topps. Foto: Anne V. Einum

– Skodda låg tjukk nede i bygda, men allereie etter den første svingen i Skeisnebbvegen kom vi over skoddehavet og møtte det beste haustveret fjellvandrar kunne ønske seg sist i september, legg han til.

Første varde oppå Svarrafjellet. Foto: Anne V. Einum

– På nedturen bar det innom Ranessetra til nykoka kaffe frå svartkjelen på setervollen, avsluttar Lars Gudmund. 

Pause på heimturen med kaffe frå svartkjel på utepeisen på Ranessetra. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilder frå Fjellgruppa sin tur til Svarrafjellet kan ein sjå nedanfor. 

Publisert: 30. september 2026, 10:47