Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seinsommarfest med trivsel på programmet

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. august 2026

Surnadal demensforening og helselag har som tradisjon at dei skal arrangere seinsommarfest for bebuarane saman med pårørande.  Tradisjon har det og vore at seinsommarfesta har foregått som eit friluftsarrangement på ein finvêrsdag der ein kan markere sommaren går mot slutten for denne gongen.  Finvêrsdagar har faktisk vore mangelvare no i sommar, og yr.no har sådd usikkerheit om vêret kvar einaste dag – dermed vart seinsommarfesta arrangert på kantina denne gongen.  Men trivsel på programmet vart det lell. 

Surnadal demensforening og helselag har stor aktivitet – tysdag var dei vertskap for Seinsommarfest for bebuarar og pårørande. Her saman med trubaduren Erik Hoel frå Løkken. Frå venstre Bente Mogstad, Dagny Garte, Lilly Gunn Nyheim, Liv Botten, Erik Hoel, Bente Løseth, Oddny Krokli, Synnøve Kristiansen, magny Haugen og Brit Marie Væge. Foto Jon Olav Ørsal

Liv Botten og resten av gjengen i helselaget hadde diska om med kaffe, kaker og is, med pådekking på alle bord.  Eit spennande innslag var gratislotteri, der mange fine gevinstar venta på nye eigarar.  Hovudattraksjonen var sjølvsagt trubaduren Erik Hoel frå Løkken, som sørga for fin musikk både til underhaldning – og dans om nokon ville ta seg ein svingom. Han starta med Jim Reeves og den populære slageren «I Love You Because» og elles var mellom anna «Barnetro» og «Bøgda mi» på programmet og vidare 60-talsmusikk som fall i god smak. 

Trubaduren Erik Hoen frå Løkken sørga for triveleg musikk til song og dans for dem som ønska det. Foto Jon Olav Ørsal

Elles vart det litt på forskudd markering av hundreårsdagen til Ingrid Todalshaug Ørsal, som blir 100 år på onsdag –  både med blomstergåve og med bursdagssongen i to etappar.  

Ingrid Todalshaug Ørsal fyller 100 år på onsdag – ein dag på forskot vart ho overraska med blomster og bursdagssong av Liv Botten.

Etter kaffen hadde leiar i Surnadal demensforening og helselag ordet og tok ei oppsummering av aktivitetane som laget har vore delaktig i. Det har vore helserelaterte aktivitetar kvar veke, der laget gjer ein stor innsats for folk som har utfordringar med helsa.  Det går mykje på informasjon og hjelp til å halde hjula igang i kvardagen.  

Liv tok ei oppsummering over kva som har foregått hittil og kva som skal skje vidare utover året. Foto Jon Olav Ørsal

No startar haustaktivitetane på, og da gjeld det å følge med i pressa og i sosiale media kva som skjer.  – Liv minner på om «Helsekoret» som sist måndag starta på med ei gratis korløysing for folk som har utfordringar med helsa. Dette erstattar demenskoret som har fungert det siste året – kortibudet er gratis og alle som har lyst kan være med på songkveldane som går på sjukeheimen kvar måndag frå kl 17 og utover. Helsekoret er eit lågterskelkor, der all kan være med.

Elles takka Liv alle som har bidrege til aktivitetar eller som sponsorar.  På seinsommarfesta var det Hageland som hadde bidrege med all blomster til dekorajon i festlokalet eller som gevinstar.  

Det var også høve til ein svingom – her er Synnøve Kristiansen og Liv Botten på dansegolvet. Foto Jon Olav Ørsal

Liv ber og om at vi reserverer tid til «demensdagen» som er 21. september – da kjem mellom anna Øystein Syver Blindheim og Heimklang Demenskor på besøk til arrangementet i Surnadal.  Elles fortalte ho at Surnadal demensforening og helselag no har 472 medlemar, og er den nest største foreninga i landet – det gjer mellom anna økonomisk friheit for laget som får 45% av kontingenten til bruk i lokalmiljøen.  Mellom anna vart slike pengar bruka til ein ny løftestol som Heimesjukepleia fekk som gåve denne veka.

 

 

 

Først publisert: 19. august 2026, 05:00 - Sist oppdatert: 24. august 2026, 09:42