Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seier for Isak i Courmayeur

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. august 2026

I dag vart det fullklaff og seier for Isak i eit løp i Courmayeur.  Løpet gikk over 15 km og 1200 høgdemeter og hadde 138 startande.  Isak hengte seg på ledargruppa og det gikk godt og etter kvart var det spesielt ein som var ei hard nøtt. Men i unnabakken ned mot mål kom isak forbi og heldt leiinga inn til målgang og seier. 

Isak fikk beste tid på 1.24:37, medan nr 2 vart franskmannen Oscar Cransak Chayrigues på tida 1.26:57  (diff 2:20) og på tredjeplass Marco Magistro på tida 1.27:43.  På ei skurrande telefonlinje var det litt vanskelig å høre kva som vart sagt.  Isak og Halvor kjem heim i løpet av onsdagen.  Gratulasjon til Isak for seieren!

 

Først publisert: 25. august 2026, 15:42 - Sist oppdatert: 26. august 2026, 08:56