I går vart uttaket til randonée-landslaget presentert på landslagets nettside. Våre lokale kjendisar får Trollheimen fjellsportklubb blir som venta med til vidare satsing til neste sesong. Erik blir med i elitetroppen, medan Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping blir med i juniortroppen.
Da blir elitetroppen sjåande slik ut for neste sesong – her blir det 2 damer og 4 menn.
- Ida Waldal, Hommelvik IL
- Elise Hjelset Andersen, Tromsø Randoneeklubb
- Erik Kårvatn, Trollheimen Fjellsportsklubb
- Hans-Inge Klette, Viljar IL
- Sander Engdahl, Torvikbukt IL
- Trym Dalset Lødøen, Haugen IL

Målgang på heimebane for Erik – no er det klart at han beheld plassen på elitelandslaget i randonee til neste sesong. Arkivfoto Jon Olav Ørsal
Når det gjeld juniorklassen blir både Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping frå Trollheimen fjellsportklubb med vidare i juniorklassen. Det blir eit knallsterkt juniorlandslag som da vi bli sjåande slik ut:
- Aron Rodal Haugen, Trollheimen Fjellsportklubb
- Iver Holen, Tromsø Randoneeklubb
- Mads Kirkreit Gjethammer, Romsdal Randoneeklubb
- Isak Drøpping, Trollheimen Fjellsportklubb
- Hampus Mack Tronvoll, Svorkmo NOI
- Selmer Helgeland, Buvika IL
Om litt vil det bli bestemt om randonee kjem att som OL-program i 2030 og eventuelt med fleire øvingar. Forbundet kryssar fingrane for at individuell øving skal bli med. Det vil eventuelt bli ei skikkeleg gulrot for deltakarane. Vi lever i spenning – og kjem med meir info etter kvart!
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no

