Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sand: – May-Elisabeth var bestevenninne med mora

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. januar 2026

Det var kanskje ikkje så tilfeldig at Sand-familien enda opp med å kjøpe Todalen skule?  Det er faktisk May-Elisabeth Holten som bør få æra for at Sandfamilien kasta sine auge på Todalen og hamna på Todalshytta.  Det er faktisk ei lang historie som går attende til da May-Elisabeth og Kari Søyland Sand gjekk på Oslo Offenlige lærerskole for over 60 år sia. Kari er mor til Aune og Vebjørn Sand og var i studietida bestevenn med May Elisabeth.  May-Elisabeth fortel at ho og Tor har besøkt familien på Hvaler og det er berre eit par år sia dei treftest på klassetreff. 

May-Elisabeth (til høgre) var bestevenninne med Kari (til venstre) da dei gjekk på lærarskulen i Oslo. Fotoeigar MEH

Da May-Elisabeth fekk høyre at Aune Sand skulle kome til Surnadal med kunstutstilling så bestemte ho seg for å møte opp for å sjå utstilling og for å helse på Aune.  Som sagt så gjort og det vart eit triveleg treff som begge partar sette stor pris på. Da var ikkje vegen lang for å anbefale Todalen og Todalshytta – både som ei oppleving og ikkje minst som overnattingsstad.  Slik vart det, og dermed vart det god kontakt med Todalen, Todalshytta og familien Holten som har budd i Todalen sia dei kom hit som lærarar i 1980.

May Elisabet med Sand-familiens julemagasin for 2025. Foto Jon Olav Ørsal

No er Sandfamilien i ferd med å overta Todalen skule for å etablere utstillingslokale, rammeverkstad og urmakarverkstad her.  Og da er det kanskje litt meir enn tilfeldig at både May-Elisabeth og Tor har hatt sin arbeidsplass nettopp på Todalen skule der dei begge starta i jobb hausten 1980. May-Elisabeth kjem frå Drøbak med pikenamn Anderssen og ektemannen Tor kjem frå Toresetra i Bøverdalen – begge hadde sin arbeidsdag her – May til 1993 da ho starta på Øye skule.  Tor jobba i Todalen til han pensjonerte seg i 1999.    

May-Elisabeth og Tor er i dag pensjonistar og bur i Jarbakkan – heimen di bygde da dei kom til Todalen i 1980. Foto Jon Olav Ørsal

May-Elisabeth og Tor gler seg til at det skal bli aktivitet i Todalen skule igjen – den har nemleg stått tom sia skulen og barnehagen vart nedlagt for nokre år sia.  Dei gler seg og til å blåse nytt liv i vennskapet med Sandfamilien som har vorte Todalsvenner

Kunstkatalogen til Øivind Sand – far til tvillingane Aune og Vebjørn. legg merke til smykket som ho laga saman med Kari da dei gikk på lærarskulen. Ho har og på seg eit sølvsmykke som Ane – søstra til Aune og Vebjørn har laga. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. januar 2026, 14:26