Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sand-brørne vil heidre mor si med eiga utstilling

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2026

Mor og bestemor har alltid strikka – det er eit kjært minne for oss barna og barnebarna, fortel Aune Sand. – No vil han og tvillingbroren Vebjørn heidre mora Kari med ei eiga utstilling i Galleri Sand Nordmøre i Todalen.

– Familien Aulie/Sand har fått være med på ei eventyrleg reise og eg brukar «mammas strikk» uansett kvar eg er i verden, for da føler eg meg trygg, seier Aune.  Og mammas genserar trur eg at eg ville forsvare med livet mitt, dersom det var nødvendig . Akkurat det gir meg veldig sterke følelsar.  Og mamma har sagt at vi må bruke ull, og det gjer eg heile året.

Aune Sand i Tingvoll Ull-genser saman med Rose Bergslid frå Tingvoll Ull: Foto Jon Olav Ørsal

Innleiar samarbeid med Tingvoll Ull
Vi hadde faktisk planlagt å starte produksjon av mammas kunst – ullstrikk av ymse slag, men så kom vi i kontakt med Rose Bergslid og Tingvoll Ull og har etablert eit samarbeid med Tingvoll-bedrifta som Rose driv i lag med Arnar Lyche frå Gjemnes.  Dei tenkjer likt med oss, og dermed kom vi fort overeins om samarbeid.

I første omgang skal det lages 50 gensere  som kjem i sal både i Todalen i Galleri Sand Nordmøre og det vil bli salg frå gardsbutikken og nettbutikken til Tingvoll Ull på Vågbø på Tingvoll.  

– Eg har vist fram produkt frå Tingvoll Ull til mamma, som var imponert av kvaliteten. Klede som er laga i ull har mange fordeler i tillegg til at dei held deg god og varm, så er dei lite brennbare, og ulla varmar sjølv om ho blir våt.  Ull er også eit miljøvennleg produkt som du kan bruke i lang tid og er unikt samanlikna med plastbaserte «bruk & kast-kler» som er noka av det mest forureinande søppelfyllingane vi har.

Sporbart produkt heilt tilbake til sauebonden. Foto Jon Olav Ørsal

Ull er eit naturprodukt – ingen kunstige tilsetningar
Rose fortel at Tingvoll Ull har kontroll på heile verdikjeda.  Tingvoll Ull brukar berre rein, naturfarga ull i sin produksjon – med andre ord er det ullfarga på sauen som bestemmer farga på garnet- det er ikkje bruka noko form for farging av garnet.  Genserane er merka med ein etikett som viser kva sauebonde som har levert garnet.

– Vi starta med dette for å nytte ut den ressursen som ulla er, og ikkje for å kome oss inn i tekstilbransjen, seier Rose.  Ulla den varmar og begeistrar, og er med og løftar fram sauen og den norske bonden som tren støtte for å ivareta beitelandet og kulturlandskapet. 

Publisert: 3. april 2026, 19:00