Julegrantenninga i Trudvangkrysset er forlengt godt etablert som ein god tradisjon – og ei bekrefting på at jula er i emning. Toril Talgø fortel at det vart arrangert julegrantenning første gong i 2014, og sia har det berre auka på med deltakarar. Det er fint å samlast med lystenning og feire med litt gløgg, varme pølser og for å smake på julebaksten som har permiere ved slike høve.
Både småe og store frå heile grenda var møtt opp for åvære med på feiringa i Trudvangkrysset – Steinar og Torill hadde rigga til i garasjen med grilling av pølser, og serverte varm gløgg som folk kunne kose seg med i vinterkvelden. Det var da litt hustrig i mørke vinterkvelden, sjølv om gradestokken ikkje viste meir enn eit par grader.
Vi har laga eit lite bildegalleri frå julegrantenninga i Brusetmarka, men bilda er nok prega av dårleg fotolys – alle foto Jon Olav Ørsal



