Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saftig frå Skarsgård på seniorfilmklubben

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. februar 2026

«I Norge tilbys jeg saftige og litt uvanlige roller», fortalde Stellan Skarsgård til Bergens Tidende i fjor. Onsdag vil den kanskje mest, eller minst?), frodige versjonen av Skarsgård kunne opplevast i kinosalen, når Seniorfilmklubben viser filmen «En ganske snill mann» onsdag 25. februar klokka 12:00. 

EN GANSKE SNILL MANN

«Bare tenk på «Kjærlighetens kjøtere», «Insomnia», «En ganske snill mann og «Kraftidioten». Sånne filmer lager de ikke i Sverige. Derfor er det godt å ha dere å gå til», røpa Skarsgård til bergensavisa rett før hans tiande norske film, «Affeksjonsverdi», skulle ha premiere. Den er han no oscarnominert for.

Komedia «En ganske snill mann»; er eit veldig langt stykke unna «Affeksjonsverdi», og er kanskje den mest saftige og uvanlege han har spelt inn. Den handlar om ein drapsmann som vil leve eit lovlydig liv etter at han no er ferdig med soninga. Det er det ikkje berre lett å få til med den omgangskretsen han har, og det viser seg å vere utfordrande nok berre å få litt fred i sitt vesle krypinn frå ein i overkant amorøs utleigar (Jorunn Kjellsby).

Dei store osloavisene trilla alle ein 5-ar, og Dagbladet startar omtalen med: «Sjelden har norske skuespillere vært så stygge som i «En ganske snill mann». I den bekmørke gangsterkomedien er det som om regissør Hans Petter Moland har frydet seg over å dynge på med pistrete hår og blek hud, falleferdige leiligheter og harry veikroer, uglamorøse slagsmål og sjelløse sexscener.»

Forutan Skarsgård, og Kjellsby, finn ein Bjørn Floberg, Bjørn Sundquist, Kjersti Holmen, Gard B. Eidsvold, Jon Øigarden og andre kjente namn på rollelista.

WUTHERING HEIGHTS

Foto Warner Bros Ent

 Det er nok dei som også meiner at nyinnspelinga av «Wuthering Heights» er i saftigaste laget. Emily Brontës klassiske kjærleiksroman er omtalt som «en visuell festkaramell» og med ein «stilig, saftig og sorthumoristisk vri» av NRK, som trillar til fire på terningen. Andre kritikarar vekslar mellom tre og fire for dette «spenstige» kostymedramaet.

HÅNDBOK FOR SUPERHELTER

Foto: SF Norge

«Håndbok for superhelter» har også gått vegen frå bokhylla til filmduken, basert på den svenske barnebokserien med same namn. Animasjonsfilm for dei yngste om Lisa som finn ei handbok der ein kan lære seg å få superkrefter.

Heile kultur- og kinoprogrammet ser ein på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 22. februar 2026, 10:34