Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søndag blir det «bokbad» i ungdomshuset

Søndag blir det «bokbad» i ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. november 2010

Søndag inviterer Todalen historielag til bokbad og premiere for det nye årsskriftet for 2010, som da kjem i salg. Årsskriftet er nr 9 i rekkja, og i årets utgåve finn du heile 80 sider med variert og rikt illustrert todalshistorie. Nytt av året er eit bildegalleri som i år har 17.-maifeiring som tema. Heftet kostar kr 150,-, og kan kjøpast frå søndag. Frå måndag kjem det i salg på ICA Todalen som vanleg.

I årets hefte finn du i tillegg 12 artiklar, der mellom anna pensjonatdrift og turisme er omtala. Du finn ein artikkel om gardsbrannen i Austistua i 1953, portrett av Finn Talgø, og omtale om laupstrengen i Moabergå og flyttinga av gardsbygningane i Svinvika og mykje meir.

Historielaget legg også ut gamle protokollar for gjennomsyn på søndagens arrangement. Det er protokollar som er oppbevart i Halsesamlinga brannsikra skap. Her finn du godbitar frå mange kjente og ukjente lag og organisasjonar i Todalen. Ta turen til ungdomshuset på søndag ettermiddag, historielaget spanderer ettermiddagskaffe!

Her kan du sjå plakaten

Først publisert: 17. november 2010, 05:00 - Sist oppdatert: 21. november 2010, 19:09