Med russedåpen på torgplassen fredag kveld er Surnadalsrussen offisielt igang med årets russefeiring. Dei rundt 50 avgangselevane ved Surnadal Vidaregåande skole, representerer året russekull, og med russedåpen fekk dei sine unike russenamn på skjermen på russelua og vart døpt av Ståle Sæterbø og ordførar Hugo Pedersen.
Mange var møtt opp ved kulturhuset for å få med seg russedåpen som sjølvsagt appelerte til folks humoristiske sans, og vart da eit flott innslag som både russen og andre tilhøyrarar vil hugse lenge. Og med russedåpen starter nok russefeiringa for fullt, og russen vil nok bli meir synleg og tilstades i tida som kjem – ikkje minst i samband med feiringa av nasjonaldagen.
Da skal forresten russepresident Åsmund Humberset helse frå russen under 17. mai-feiringa i Surnadal




