Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Roseslottet -«skapt i kjærlighet til demokratiet»

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. mai 2026

I 2020 var det 80 år sidan Norge vart angripe i 1940, og 75 år sidan frigjeringa i mai 1945. For å markere dette vart kunstinstallasjonen Roseslottet sett opp ved Frognerseteren ved inngangen til Nordmarka i Oslo av brørne Vebjørn og Eimund Sand – eit pedagogisk prosjekt for å fortelje om okkupasjonen av Norge. I tillegg blir det sett fokus på dei grunnleggande prinsippa for demokrati, rettsstat og humanisme som vart sett ut av kraft under andre verdskrigen. Men det er og ein stad for håp ved å vise krafta og motet til enkeltmennesket til å stå i mot, og sanninga i at fridom startar med eit valg!

Namnet Roseslottet

Den hvite rose. Fotoeigar: Roseslottet.

Namnet Roseslottet er inspirert av «Den hvite rose» som var ei ikkje-valdeleg, antinazistisk og opposisjonell motstandsgruppe i Mûnchen. Medlemmene i gruppa var stort sett kristne studentar. Mange av medlemmene vart henretta i 1943.

Dei fem søylene på Roseslottet. Her ser ein og litt av gangvegen av tre. Det er økonomisk krevjande å halde alt dette i god stand. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dei fem søylene

Dei fem søylene på Roseslottet ragar høgt og kan sjåast frå omtrent heile Oslo:

Seilet – 26 meter høgt – skal heidre krigsseglarane og marinen. Skipa og sjøfolka i Handelsflåta stod for det viktigaste bidraget til alliert seier i 1945.

Fjellet – 26 meter høgt – symboliserer motstandskampen i Nord-Norge – slaget ved Narvik var det første militære nederlaget for Hitler.

Kongebjerka – 30 meter høgt – symboliserer Kongen og hans «NEI».

Grantreet – 26 meter høgt – symboliserer den militære motstandskampen i Sør-Norge.

Fjærpennen/Vingen – 26 meter høgt – installasjonen er forma som eit tverrsnitt av ein flyvenge og halvdelen av ein fjørpenn. Dette for å heidre luftforsvaret, den illegale pressa og den sivile motstanden.

Den demokratiske grunnhaldninga i det norske folk gjorde at forsøka på ein nasjonalsosialistisk revolusjon vart mislykka!

Roseslottet – dystre bilete. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Tårnet – til minne om russiske krigsfangar i Norge. Om lag hundre tusen sovjetiske krigsfangar vart sendt til Norge som slavearbeidarar. Under umenneskelege forhold vart dei brukte i Norge for å bygge ut den tyske militærmakta. Om lag 13 700 russiske fangar døydde i Norge. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Parken

Gjennom kunstparken går det ein gangveg av tre som er forma som ein spiral, og her kan ein gå frå kunstverk til kunstverk som alle fortel sanne og sterke historier. Det er om lag 100 kunstverk i parken.

 Det var uvisst kor lenge Roseslottet fekk bestå….. Tomta var nemleg berre lånt av Oslo kommune. Men i desember 2025 vart det fremma forslag i Stortinget om at Roseslottet skal få leve vidare. I 2020 da Roseslottet vart sett opp, var det ingen som forutsåg kor stor aktualitet Roseslottet skulle få seinare. Da var det fred i Europa. No rasar det ein storkrig på kontinentet.

Over porten inn til Roseslottet står det: «Den som sover i et demokrati, våkner opp i et diktatur.»

todalen.no anbefaler alle som er på Oslotur til å besøke Roseslottet. Det går T-bane frå sentrum heilt opp til parken.

Og kaffe og mat får ein også kjøpt i ein liten, triveleg kafeteria.

Fleire bilete:

Foto: Dordi Jorunn Halle.

«De ufødtes stjerne» – skulptur av Eimund Sand. «Stjernen skal lyse lyse mot oss fra fremtiden og vitne om at vi har et fellesskap med generasjonene som kommer etter oss. Her kan ein lese fra «Verdenserklæring om menneskerettighetene: Alle mennesker er født frie og med samme menneskeverd og menneskerettigheter. De er utstyrt med fornuft og samvittighet og bør handle mot hverandre i brorskapets ånd.» Foto: Dordi Jorunn Halle.

Siste «biletet» av den vesle jødejenta Sonja i live. Eitt av bileta i utstillinga til brørne Sand i Todalen skule. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Og biletet nedanfor kan du bli eigar av om du kjøper lodd av Sanitetsforeninga. VIPPS – 101456, eit lodd kostar 20 kroner og merk innbetalinga med Kunstlotteri. Kunstnaren er Vebjørn Sand.

 

Først publisert: 24. mai 2026, 18:52 - Sist oppdatert: 26. mai 2026, 09:54