Torsdag var det premierekveld for Svarrabærje Teaterlags revyoppsetting Make Surnadal Grettj Again. Fredag og laurdag er det to førestillingar til – torsdag og fredag er selt ut, medan laurdag har eit femtital ledige billettar i skrivande stund.

Ein amerikanisert orførar i Håkon Solems skikkelse med vararorføraren som vart spela av Ida Kaspara Hyttebakk. Foto Jon Olav Ørsal
På premieren torsdag var Storstua i kulturhuset fylt til siste plass, og da var det berre å konstatere at Svarrabærje Teaterlag har klart å «Make Surnadal Grettj Again». Og det var lett å kjenne seg igjen med ein amerikanisert «Hugo» som gjennomgangsfigur i Håkon Solems skikkelse og starta sjølvsagt med trommer og roing.
Elles var nok mykje av inspirasjonen for revyskrivarane henta frå den kommunale kvardagen og andre kvardagslege ting som har hendt og hender i Surnadal. Vi kan nemne Robek, kommuneøkonomi, Vårsøg, Hyldbakk, legekontoret, Rindalingane,

Rindal venta forgjeves på kongeparet i sommar. No blir dei kanskje først ute med Håkon den 8. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt var «Hugo» gjennomgangsfigur som etter «strategikurs» i Amerika hadde både Trump-image og strategi, med utradisjonelle løysingar for det meste. Man må nemleg bruke pengar for å spare pengar og det kan gjerast på mange måtar fekk vi sjå og høyre gjennom førestillinga.
Det planlagde kongebesøket i Rindal var også tema – no ser det ut til å bli snudd frå skuffelse til glede, dersom kong Håkon den 8 startar sin rundtur i Noreg med tur til Rindal.
Team Pølsa hadde mange gode løysingar for lokale heltar som ikkje var så lette å ruske i – sjølv om vi stod saman og lanserte berekraftige løysingar. Elles var skulen og skuleskyssen med store og små eigenandelar tema i Livets harde skule.

Heilse gjengen saman med Ordførar Hugo Pedersen som var stolt av revygjengen og stolt over å få slik oppmersomheit i revyen. Foto Jon Olav Ørsal
Revyen hadde og funne ei god og aktuell løysing for å revitalisere Vårsøghelga som no burde flyttast til Vargøya utafor Hamnes – ein høveleg plass der kan bli nok plass til aktivitetane som blir revitalisert med god hjelp frå banken.
Som sagt var det underhaldning frå øvste hylle med både gamle og nye tråvarar som gjorde ein iherdig innsats på scena for at vi kunne kose oss med både kjente og ukjente smakebitar frå dagleglivet i Surnadal sett med eit skråblikk.
Her har vi lagt ut eit bildegalleri frå revyen «Make Surnadal Grettj Again» Alle foto Jon Olav Ørsal


