Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Resultatet litt betre enn frykta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. mars 2026
Surnadal kommune la i dag fram årsrekneskapen for 2025, og den viser at økonomien i Surnadal kommune framleis er under sterkt press. Resultatet er likevel noko betre enn kommunen frykte, da prognosa ved 2. tertial låg på rundt 20 millionar. – Det viser at dei omstillingsgrepa som er gjennomført i løpet av 2025 har fått ein viss effekt, heiter det i pressemeldinga frå Surnadal kommune på føremiddagen onsdag.

Samla sett ser resultatet for 2025 til å ende på eit negatift driftsresultat på rundt 21 millionar kroner, og eit samla udekka meirforbuk i 2025 på rundt 23 millionar kroner. Dette etter at  mellom anna avsetningar og bruk av bundne fond er bokført. 

Surnadal kommunen kom som kjent inn på ROBEK-lista i starten av januar i år. 2025 har vore prega av eit stor totale meirforbruk i fleire einingar. – Samstundes vil vi understreke at mange tenesteområde har levert ein solid innsats for å halde lønnsutgiftene innanfor rammene. Det er eit viktig framsteg i ei krevjande tid, heiter det i pressemeldinga. 

– Kommuneøkonomien er langt frå sunn, men vi står meir stødig no i 2026 enn tidlegare, takka vere tøffe, nødvendige tiltak og stor innsats frå tilsette i alle tenesteområde, seier kommunedirektør Lars Inge Kvande.

2026 blir eit avgjerande år

2026 blir eit nøkkelår for Surnadal kommunen si vidare økonomiske utvikling. Samla sett har kommunen no eit udekka meirforbruk på 40,7 millillionar kroner som dei i åra framover må dekkje inn. Det er behov for ytterlegare omstillingar og nedtrekk i fleire tenesteområde, og den jobben blir ikkje lett, men nødvendig for å oppnå ein berekraftig kommuneøkonomi. 

– På ein måte kan vi seie at 2026 blir eit Totalforsvarsår – også for kommuneøkonomien. Det betyr at alle må bidra: dei folkevalde, dei tilsette og innbyggarane våre. Vi må stå i dette saman, og vi må finne nye og smartare måtar å løyse oppgåvene på, seier Kvande.

– Kommunen vil i tida framover arbeide aktivt med effektivisering, prioriteringar og nye samarbeidsformer. Samhandling med frivilligheit, næringsliv og lokalsamfunn vil vere ein sentral del av dette, legg han til. 

Helsehuset – ei historisk investering i ei krevjande tid

– Sjølv i ei pressa økonomisk tid må vi som kommune sikre gode og trygge tenester inn i framtida. I 2026 startar bygginga av det nye Helsehuset – den største investeringa i helse- og omsorgstenestene i kommunen si historie, seier Kvande. 

– Helsehuset blir ein hjørnestein for innbyggarane våre i tiåra som kjem. Det er ei investering i tryggleik, kvalitet og framtidige løysingar. Men det forpliktar oss også til å drive meir kostnadseffektivt og berekraftig på alle område i organisasjonen, legg han til. 

Ein invitasjon til fellesskap

Kommunedirektøren peikar på at situasjonen krev både realisme og optimisme.

– Vi er ærlege om utfordringane. Men vi skal òg vere stolte av det vi får til – og vi skal aldri gløyme at vi er ein kommune med handlekraft. Vegen framover krev innsats frå oss alle, og eg veit at vi kan klare dette saman, avsluttar kommunedirektøren. 

Kommunen kjem til å halde fram med open kommunikasjon om status og tiltak, og inviterer innbyggarar og tilsette til aktiv å medverke når viktige val skal takast framover. Det vil no bli jobba aktivt fram til dei kommande politiske møta i april, der det vil bli lagt fram gode grunnlag for å kunne fatte og deretter gjennomføre gode og nødvendige tiltak, heiter det til slutt i pressemeldinga. 

Publisert: 4. mars 2026, 12:38