Ekstremvêret Amy vart for tøff for høgspentnettet inn til Todalen, og det førte både til kabelbrot og fleire knekte pålar. Det var omfattande skade som var påført høgspentnettet, og i dag var S-Nett i gang med utskifting av pålane.
Skadestaden ligg tett atmed vegen ved Veahuskaia, eit par hundre meter utafor Todalshaugen. Straumforsyninga inn til Todalen er reparert midlertidig, i påvente av nye pålar og nye kablar. Kranbil sørga for å løfte pålane på plass, medan montørar frå S-Nett sørga for montering som skjer direkte på fjell.
Når pålane er på plass vil det bli strekt nye kablar frå skadestaden og innover til området ved Rossåfoss kraftverk. Det blir nok ein del arbeid før ein kan sette på straum og ta i bruk den reparerte høgspentlinja.



