Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reparasjon etter lynnedslaget i sommar

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. januar 2026

I sommar, nærare bestemt den 18. juli, var det eit skikkeleg tordenvêr som passerte Todalsøra på sin veg.  Lynet slo ned i ein lyspåle ved Elvestad og knuste den til pinneved – samtidig slo lynet ned i murpipa på Elvestad, slik at den hamna på plena i tusen knas.  

her kjem ny påle på plass like ved møbelverkstaden på Elvestad. Foto Jon Olav Ørsal

Skaden på lysnettet vart reparert midlertidig, slik at folket på Todalesøra skulle få att straumen, men pålen måtte skiftast ut.  I dag var ein gjeng frå S-nett på plass med gravemaskin, lift og ny påle, så dermed vart pålen skifta ut og skaden reparert permanent.  

Det var ein skikkeleg smell som slo ut lågspentnettet og knuste toppen på lyspålen. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 13. januar 2026, 15:44