Søndag arrangerte Surnadal Motosportklubb rekrutteringskurs for unge motocrossinteresserte på Surnadal motocrossbane på Kvanne. Det var fire deltakarar, tre lokale og ein frå Kristiansund, og det vart køyrt motorsyklar frå 65 opp til 125 kubikk.
Ola Vikan, som i år vart Norgesmester i speedcross, tok sølv i Norgesmesterskapet i motocross, vart Midt-Norsk mester og vann Østlandscup i motocross, var saman med far Petter Vikan instruktørar for rekrutteringskurset.
Det var fire ivrige og skikkeleg lærevillige elevar i alderen opp til 11 år, som møtte opp søndag for å lære meir om det å køyre motocross. Innsatsen og konkurranseinstiktet var i følge rapportane heilt på topp, så det ser ikkje ut til at det er problem med rekruttering i motocrossmiljøet akkurat no.



