Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekordar for Bankmila

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. juni 2026

(Trollheimsporten.no) Laurdag arrangerte Surnadal IL i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre og den sjette utgåva av Bankmila. Her var det Minibankmila for dei minste på rundt ein kilometer, Bankmila utan tidtaking på rundt åtte kilometer og Bankmila med tidtaking på godt og vel ei mil. Talet på deltakarar har auka kvart år, og i år kunne arrangørane notere nok ein deltakarrekord med totalt 241 deltakarar, fordelt på Minibankmila med 115, Trim 32 og med tidtakning på 94.

Rekord på rekord for Bankmila

Vêret var perfekt for deltakarane, med opphaldsvêr, overskya og ikkje alt for varmt. Erik Kårvatn frå Rindal IL sette ny løyperekord med tida 33:27, 14 sekund betre enn hans gamle løyperekord frå i fjor.

Erik Kårvatn, Rindal IL, sette forbetra sin eigen løyperekord med 14 sekund. Foto: B G Ansnes

Berit Mogstad, som representerer Strindheim IL vann, som venta, dameklassen. Ho vart klokka i mål på tida 37:06

Berit Mogstad vann, som venta, dameklassen. Foto: B G Ansnes

Fullstendig resultatliste finn ein på Bankmila 2026

Bankmila med tidtaking går frå Skei, ned Miljøgata, over Ørabtus, bort til Hamnesvegen og opp att til Skei.

Minibankmila

Minibankmila er løpet for dei yngste, og det kilometerlange løpet går rundt Bårdshaugen. Her var det fine medaljar til alle dei 115 som deltok og fullførte løpet.

Starten går!. Foto: B G Ansnes

Bankmila utan tidtaking, Trim

Løypa for Bankmila utan tidtaking, også kalla Trim, går frå Skei, ned miljøgata, over Ørabrua, tek av ved Sveen Auto og går over til Sylte og tilbake til Skei.

Bankmila utan tidtaking startar. Foto: B G Ansnes

Her konkurrerer ein mot seg sjølv, da arrangørane tek tida, men der berre den som vil vite den, får vite si eiga tid. Slik kan ein samanlikne tida med sine tidlegare «bravadar». I Bankmila utan tidtaking var fine uttrekkspremiar.

Kjempenøgd løpsansvarleg

Løpsansvarleg Arne Berset i SpareBank 1 Nordmøre var kjempenøgd med årets utgåve av Bankmila, og at dei kunne notere både ny deltakarrekord og ny løyperekord.

– Dette viser at det er ei lita løparbølge akkurat no, og at folk har lyst til å vere med på denne typen løp, sa ein godt nøgd Berset.

Løpsansvarleg Arne Berset. Foto: Arne Berset

– Dette gir motivasjon for å arrangere Bankmila også neste år, avslutta han.

Publisert: 20. juni 2026, 14:54