På landsbasis er det rundt 40.000 frivillige bøsseberarar som er ute på landets nest største innsamlingsaksjon. I Todalen er det 11 som er ute – medrekna dei 4 konfirmantane som stiller velvillig opp.

Heile gjengen klare til aksjon – frå venstre einar, Rune, Borghild, Anton, Nathalie Astrid, Lisa, Line Marie, Jakob, Fredrik, Kjetil og Anita. Foto Jon Olav Ørsal
Ambisjonen er at alle heimane skal få besøk i løpet av ettermiddagen og kvelden, dersom det er folk heime. Og dersom det ikkje er folk heime, så legg bøsseberarane att ein lapp med Vippsnr til innsamlingsaksjonen. Da kan du bruke Vippsnr 2426 som er nummeret til fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp. Alternativt kan du bruke bankgiro 1594 22 87493.
Gjennom informasjonen frå Kirkens Nødhjelp er det sagt at dersom du gjer 300 kroner så kan du vi ditt bidrag gje tilgang til reint vatn i eit år for ein person. I fjorårets aksjon kom det inn godt og vel 18.000 i fasteaksjonen i Todalen. Det er summen av innsala kontantar og Vipps-pengar. Håpet er at vi skal klare ei liknande beløp i år og, seier Anita Talgø som er innsamlingsansvarleg i Todalen krins – om ei vekes, eller når resultatet er klart, tid får vi nok info om resultatet.

