Tysdag var det offisiell overlevering av ein ny løftestol frå Surnadal denensforening og helselag, til Heimesjukepleia i Surnadal. Ein slik løftestol har lenge stått på ønskelista, men så langt har det ikkje vore plass på budsjettet – prisen for ein slik løftestol er i overkant av 60.000, og det er rekna som naudsynt uttyr som sponsorane ikkje vil være med å bidra til, fortel Lilly Gunn Nyheim som er nestleiar i demensforeninga.
Dermed vart løysinga at foreninga skulle dekke heile summen sjølv, og da med midlar som blir tilbakeført som den lokale delen av medlemskontingenten. Da hjelper det å være landets nest største lokalforening med over 400 medlemar. No er altså stolen komen i hus og teken i bruk. Heimesjukepleia er forresten flytta over i nye midlertidige lokalar i 2. etg. i kommunehuset – det skjer i samband med bygginga av nytt helsehus.

Oversjukepleiar Elin Betten studerer monteringsanvisninga og får stolen «på føtene». Foto Jon Olav Ørsal
Ein slik løftestol -eller om du vil ein oppreisingsstol blir bruka i samband med fallulukker for å hjelpe folk på føtene igjen etter fall. Den er demonterbar og tek ikkje stor plass og dermed lettvint å ha med for heimesjukepleia. Det er ein Raizer oppreisingsstol, og har vore eit stort sakn i mange år, seier einingsleiar Rikke Schwabe Øie som fortel at det vart stor glede i leiren da denne gåva vart kjent. Ho fortel vidare at på neste personalmøte er det stolen som står på agendaen, og da skal alle tilsette lære seg å bruke stolen som egentleg er lett å sette sammen for å bli klar til bruk.



