Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus gåve frå PipeLife-tilsette

Jon Olav Ørsal Fredag 12. desember 2025

Surnadal demensforening og helselag tok forleden imot ei raus gåve frå dei tilsette på PipeLifes tilsette i Surnadal.  Liv Botten som er leiar i demensforeninga tok i mot ein sjekk på heile 33.000 på vegne av foreninga.  Fabrikksjef Robin Tellesbø i PipeLife fortalte at dei i staden for å kjøpe julegåver til dei tilsette, gir bort pengane til.  

-Vi har lagt merke til arbeidet dykk gjer, og det er så vel fortent, sa Tellesbø, da han overrekte gavesjekken til Liv Botten.  Det er nok eit kjent fenomen at demensforeninga gjer ein stor innsats i bygdesamfunnet.  

 

Publisert: 12. desember 2025, 10:34