I dag hadde randonee sin OL-premiere i Bormio i Milano Cortina, der 3 løparar stillte med norsk flagg på armen. Ida Wadahl var einsam deltakar i kvinneklassen, medan herreklassen hadde to representantar, Hans-Inge Klette og Trym Dalset Lødøen i herreklassen.
Først var det prolog (kvalifisering) som enda med at Lødøen rauk ut, medan Klette og Wadal gjekk vidare begge gjekk vidare til semifinalen, men her var det stopp både for Ida og Hans-Inge. I herreklassen var det sveitsaren Oriol Cardona Coll som tok gullet og i dameklassen vart det og sveitsisk vinnar – Marianne Fatton.
Ny sjangse for edelt metall på Ida og HansInge blir laurdag, når dei to skal delta i mix-stafett (blanda stafett). Det skjer altså laurdag kl 13:25 på NRK3. Det blir sagt om dei to at dei har ein rimeleg god sjanse til å hevde seg i kampen om medaljane denne gongen!

