Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rømmegraut på Buret

Rømmegraut på Buret

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2010

Ein liten annonse for rømmegrautservering på Buret i Bøfjorden pirra nysgjerrigheta til å ta ein tur utover sist laurdag. Etter ein biltur på ca 55 km frå Todalen var vi framme i Bøfjorden, og Buret vart lokalisert like ved brua som går over på Bølandet. Her har todalingen Hallvard Brusethaug og kona Liv Berit innreia stabburet og driv servering av rømmegraut og nokre rettar til om sommaren. Utafor Buret er det rigga til ein triveleg uterestaurant.

Etter mange år på Austlandet har dei flytta attende til Nordmøre og altså enda opp i Bøfjorden på heimplassen til foreldra til Liv Berit. Her har dei og eit par utleiehytter, men også  planer om å bygge fleire på den store tomta like ved sjøen. Buret er ope for servering på laurdagar, og på laurdagskveldane er det også open pub. Til denne verksemda har dei også god hjelp av Ragnhild og Olav Egil Ansnes som og bur på staden.

Hallvard og Liv Berit tek også mot slutta lag og selskap utanom opningstida, og dei er imponert over responsen både frå lokalmiljøet i Bøfjorden og elles i området.

Publisert: 8. august 2010, 11:45