Endeleg er bind 6 av Bygdebok for Surnadal i sal. Norunn Holten og Lilli Husby presenterte bind 6 i Mo oppvekstsenter måndag kveld. Med bind 6 er Øverbøgda, frå Dalsegga til Svean, samt Markagardan kome på plass mellom 2 permar, og er altså klar for sal.

Stor interesse for bygdebokprosjektet og bind 6 som omhandlar Nordsida – Dalsegga til Svean. Foto Jon Olav Ørsal
Det var kome mange forventningsfulle kjøparar til denne premierekvelden for bind nr 6, av dei 10 som er planlagt. No ligg det faktisk an til at dette blir siste bind på ei god stund. Sparekniven har nådd bygdebokkontoret, og det er dermed usikkert om resten av prosjektet kan bli gjennomført. Det er gjort politisk vedtak om å spare 1,0 mill. pr år i tida framover. Lilli Husby rosa frivilligheita, og trudde at det hittil kan være gjort frivillig innsats som er verdt bortimot 20 mill. – med sal av bøker er bygdebokprosjektet på det næraste sjølvfinansierande, meinte ho.
Det er samla inn mykje info til dei 4 neste binda, og dette blir no teke vare på gjennom ei kontrollert avslutning av bygdebokprosessen. Ordførar Hugo Pedersen takka for innsatsen til alle som har delteke i prosjektet, og beklaga at bygdebokprosjektet blir sett på pause. – Vi er berre nødt til å ta ein pause, men prosjektet er ikkje gravlagt. Vi har hamna i ein ekstraordinær situasjon som gjer at vi må ta pause, sa han. Både Helge Røv og Lars Polden håpa at ein skal koma igang att og fullføre prosjektet, sjølv om vi må vente litt. Elles var det mange som fekk skryt for stor dugnadsinnsats, og som fekk eit eksemplar av bind 6 som ein takk for innsatsen.

Traktering – etter presentasjonen av den nye bygdeboka var det servering av kaffe og kaker. Foto Jon Olav Ørsal
No er altså bind 6 klart for sal, og det fekk du kjøpt i Mo oppvekstsenter etter at boka var presentert måndag kveld. I fortsettinga blir dett sal i Kulturhuset, og ut juni bli det tilbudspris på dei gamle bøken (bind 1-5) til redusert pris ut juni månad. Så her gjeld det å raska på!



