Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Program for 17. maifeiringa i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. mai 2026

Klokka 10:00 er det start for det tradisjonelle biltoget frå  Matkroken Todalen oppover på nordsida og opp til «Gammelfabrikken», der toget snur og køyrer nedover att på sørsida og ned til ungdomshuset. 

Klokka 11:00 inviterer Todalen Idrettslag alle til «nasjonalsdagsfrokost» i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Etter frokosten blir det program for både små og store, som blir avslutta med kaffe og kaker! Fokosten, som inkluderer kaffe og kaker, kostar i år kroner 150,- for vaksne, medan det er gratis for alle fødd i 2011 eller seinare. Russ i russeutstyr får også gratis frokost! Betale kan ein gjere med Vipps, kort eller kontantar. 

Klokka 14:00 inviterer Todalen Sokneråd til høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje. 

Salmane som skal syngast under høgtidsgudstenesta er:  

844 – No livnar det i lundar
759 – Fagert er landet du oss gav
757 – Gud signe vårt dyre fedreland
755 – Ja vi elsker dette landet
 

Nasjonaldagsfeiringa startar sjølvsagt med det tradisjonelle biltoget. Foto: B G Ansnes

Arrangørane ønsker alle velkommen til nasjonaldagsfeiring i Todalen!

Først publisert: 14. mai 2026, 16:00 - Sist oppdatert: 13. mai 2026, 12:51