Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presenterte «Topp 3» på AP-lista til kommunevalet

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. september 2026

Tysdag var alt klart for å sleppe den første bomba før neste års kommuneval.   Nominasjonskomiteen i Surnadal AP med Odd Arild Sande i spissen, hadde jobba intens med å få på plass toppkandidatan eller om du heller vil «Topp 3».  I dag er dei tre på plass, og nominasjonskomiteen var klar for å presentere sitt forslag til lokalpressa.  Som listetopp har dei forslag på Ole Dalsegg (22), medan Jorid Aarvåg (41) er på 2.-plass og Bente Mosbakk (74) som nummer 3 på lista.  

Nominasjonskomiteen saman med «Topp 3». Frå venstre Rita Aarnes, Odd Aril Sande, Bjørn Gunnar Ansnes, Bente Mosbakk, Ole Dalsegg og Jorid Aarvåg. Foto Jon Olav Ørsal

Ole Dalsegg er tidenes yngste ordførarkandidat med sine 22 år, men han har allereie 6-7 års erfaring med politisk arbeid, og han for med seg ein tung ballast og mykje erfaring både gjennom Jorid og ikkje minst Bente med 4 periodar som kommunepolitikar.  Ole er ein ung men engasjert, arbeidssam og kunnskapsrik politikar som brenn for mykje.  Ole ga sterkt uttrykk for at han håper at fleire ungdommar tek sjansen på å engasjere seg i i politikken, no som han går framfor som eit eksempel.  

Resten av kandidatane vil bli presentert seinare – den komplette lista skal være klar i løpet av novenber, og da skal også partiprogrammet som Surnadal AP går til val på være klart.  Dermet er det klart at det er for tidleg å spekulere i eventuelle samarbeidsavtalar med andre parti som kan vøre aktuelle. 

Bente Mosbakk vart så glad for at Ole var sa ja at da ho vart spurt bestemte ho seg for å seie ja til kva som helst.  -Eg er klar over at det blir ein krevjande periode med ein kommune som er på Robek-lista, men med ny giv og ungdommeleg pågangsmot i kombinasjon med lang erfaring så skal dette gå bra, trur Bente. 

No startar arbeidet mot kommunevalet i 2027 – Listetopp og ordførarkandidat Ole Dalsegg flankert av Jorid Aarvåg til ventre og Bente Mosbakk til høyre. Foto Jon Olav Ørsal

Odd Arild Sande har vore leiar for nominasjonskomiteen, som i tillegg har bestått av Helge Røv, Ella Bolme, Bjørn Gunnar Ansnes, Emily Stangvik og Rita Aarnes.  No skal dei jobbe vidare utover hausten med resten av lista, som altså skal være klar før vi skriv desember.  

Først publisert: 29. september 2026, 15:27 - Sist oppdatert: 30. september 2026, 08:34