Søndag ettermiddag var det gudsteneste med konfirmantpresentasjon i Todalen kyrkje. Det er 3 jenter som no startar konfirmasjonsførebuinga, og i dagens gudsteneste vart dei presenterte og sokneprest Kristin Strand snakka litt om kva program dei skal gå igjennom fram til konformasjonen på vårparten ein gong i 2019. Dato for konfirmasjon er ikkje fastsett enno, men snart en den også klar.
Dei tre konfirmantane er Lina Husby Nygård, Karoline Brøndbo og Silje Øyen, som alle var i kyrkja og var med på presentasjonen. Soknepresten fortalte at dei skal få lære mykje i løpet av vinteren, mellom anna korleis gudstenesta er oppbygd. Dei skal og lære litt om salmane, men det er slutt på å «terpe» salmane slik som det delvis var gjort før.
Ellers nærmar det seg 50-årsjubileumfest for konfirmantane frå 1968. Her blir det feiring felles feiring i ungdomshuset med jubilantane frå Stangvik den 21. oktober – med tilhørende jubileumsgudstenester i Todalen og Stangvik kyrkjer. Meir info om dette kjem seinare.