Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for «Storfemti» for fullt hus

Jon Olav Ørsal Fredag 31. oktober 2025

Torsdag kveld samla Svarrabærje Teaterlag fullt hus til premieren for jubileumsrevyen  «Storfemti» i Surnadal kulturhus. No er det berre nokre få plassar att på dei to neste førestillingane som går fredag- og laurdags kveld.  Etter ein vellukka generalprøve onsdag kveld var revygjengen spente på publikums dom før førestillinga i kveld.

Det var nok ingen grunn til bekymring, for kontakten med publikum var der heilt frå starten. Og publikum var rause med applausen gjennom den 2 timer lange førestillinga som hadde full trøkk frå start til slutt – publikum lika det dei såg og høyrte. Programmet for jubileumsrevyen var ein fin blanding av gammalt og nytt stoff frå frå perioden på 60 år med revy – frå den spede start i 1965.  En del av det gamle revystoffet var «pussa opp» litt, men ikkje meir enn at vi kjente det att.

Det var mykje flott song og dans i programmet – foto Jon Olav Ørsal

Det nye stoffet var for det meste henta lokalt, og her var det nok kommunen, ordføraren, Alpinsenteret, Todalsfjordprosjektet, Vårsøg og mykje anna som fekk litt kjør – men ikkje meir enn at det må tålast. På scena var det både nye og kjente ansikt – vi lyt berre bli imponert over kor mykje flott dans og song som ligg i programmet.  Vi kan berre konkludere med at det er litt av ein gjeng i Svarrabærje teaterlag, som alle har sin viktige plass i organisasjonen. Dei har god grunn til å være stolte av  det dei har fått til i samband med jubileumsrevyen i teaterlaget.

Storstua var fylt til siste plass under premieren på jubileumsrevyen Storfemti – foto Jon Olav Ørsal

Stolt var også ordførar Hugo Pedersen som både takka og skrytte og som hadde med seg ein konvolutt til revygjengen. Han signaliserte og at han og kommunen skal være med og bidra med «stoff» til revyforfatterne i fortsettinga.  Som sagt så er det 2 førestillingar att – fredag og laurdag – der det er nokre få plassar att.  Her gjelder først til mølla…

Ordførar Hugo Pedersen takka for ein flott revy og hadde med seg ein gavesjekk til Camilla Hyttebakk som heldt i trådane. Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut eit stort bildegalleri frå jubileumsrevyen Storfemti – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. oktober 2025, 00:13