Endeleg skjer det noko positivt og dette var flott – det var omkvedet blant dei mange som var møtt fram for å på Torgplassen for å ta den nye lysgloben i nærare augesyn. – og folk lika det dem såg. Vêrgudane sørga for eit lett snødryss for liksom å sette det heile på spissen. Bruken av lys i mørketida er påstått å være helsebringande, og har grepet om seg etter at LED-teknologien praktisk talt revolusjonerte straumforbruket til belysning.
Det er Surnadal Næringsforening som har teke initiativet til å pynte opp i miljøgata. Leiar Bergsvein Brøske orienterte om prosjektet, som har fleire støttespelarar som har bidrege i finansieringa og gjort prosjektet muleg. I tillegg til næringsforeninga har Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebankog og lokalt næringsliv bidrege med rundt ein halv million. Brøske rekna med å fullføre prosjektet neste år med eit liknande bidrag.

Leiar i Surnadal Næringsforening takka partnarane for bidraget som gjorde det muleg å realisere prosjektet. Foto Jon Olav Ørsal
Lysgloben er plassert midt på torgplassen framfor Surnadal kulturhus, og er ein flott skue der den lyser opp i mørke vinterkveldar. Frå Skei og nedover miljøgata er det montert snnøkrystallar i lysmastene for gatelyset – ingen tvil om at dette pyntar opp miljøgata med ei triveleg vinterstemning.

Surnadal Hornmusikk med dirigent Einar Sødergren sørga for musikalsk julestemning. Foto Jon Olav Ørsal
Torsdag kveld var det altså høgtidelig premiere, der Surnadal Hornmusikk sørga for musikalsk julestemning og Surnadal jeger og fisk (SJFF) sørga for noko å varme seg på og litt mat på grillen.




