Folk brukar stadig meir lys i førjulstida, fortel Nina Monsøy på Hageland Surnadal. Det tykkjer ho er bra, for lys har ei fin påverking på folk, som blir i godt humør ved bruk av mykje lys. -Vi kan vel heller kalle det vinterlys i staden for adventlys eller julelys – dermed blir det meir tidlaust, og vi er da forlangst på veg inn i mørketida med mørke kveldar.

Jula er på plass i Hageland – heile huset er prega av jul, med julevarer, gaveartiklar og eit kjempe utval i julebelysning. Foto Jon Olav Ørsal
Heller «Juleland» enn Hageland
På Hageland Surnadal har dei jobbe med juleutstilling på månadsvis no, og måndag 2. november opnar dei juleutstillinga offisielt. Da skal det meste være på plass, og vi kan bekrefte at det er i ferd med å bli skikkeleg julestemning i heile hagesenteret. Nissar, julepynt, juletrepynt og alt som du setter i samband med jula er på plass. Vi har hatt mykje spørsmål etter julevarer den siste tida, og vi tykkjer at det er bra at folk startar tidleg, slik at vi får fordelt julehandelen lit, seier Monsøy. Det er nok mange som skal sende gåver langt som er tidleg ute, naturleg nok.

Jula er på plass i hagesentret, der anita har vore arkitekten, men alle har jobba med utstillinga den siste månaden. Foto Jon Olav Ørsal
Dersom vi skal snakke om trendar, så er vi nok i det nostalgiske hjørnet i år – gamletida kjem att – til årets farger på julepynt ser det ut som fargane brun, rustraud og beige naturtonar kjem for fullt. Ei heil avdeling med grønt, som også er ei stor farge i år, saman med naturmaterialar i mørkt tre blir vinnarar.
I år skal vi prøve noko nytt i opningsveka. Sjølvsagt skal vi ha mange gode tilbod, men vi skal selje lunsj frå kl 11 og utover. Litt forskjellig kva dag med men vi vi prøve oss med både tradisjonelle lunsjrettar, sushi, kyllinggryte, tradisjonell bakst og pizza. Mange lokale leverandørar som blir med på dette opplegget. Sjølvsagt blir det og gratis kaffe i Kaffekroken slik som før.
Heile hagesenteret er prega av jul – juletrea er på plass og lysa er tent på – ein kan mesta tru at heile Hundremeterskogen har flytta inn på Hageland.

Nina Monsøy er glad i grønplanter – no ser ho fram til å opne juleutstillinga komande måndag. Foto Jon Olav Ørsal

Torill Kvande er «proff» på flotte bukettar og kransar i Snitt-avdelinga på Hageland. Foto Jon Olav Ørsal
Aktivitetar på Hageland
2. – november – opning av juleutstillinga med massevis av gode tilbod i hagesenteret.
19. – november inviterast alle til å bli med på kransekurs på Hageland – her kan du lære å lage julekransar, både store og små.
28. -Julemarknad på Hageland. I år er det rekordmange utstillarar, og vi har vorte den nest største julemessa i Midt-Norge – etter Julemarknaden i Trondheim, skryter Nina Monsøy.





