Sjølv om det var to store arrangement som kvar for seg trekte mykje folk, så var det god tilstrøyming til Hageland og Byggmakker på Syltøran. Det var meldt regn til laurdag, så Midtsommarmarknaden var forlengst flytta innendørs. Hageland har da over 4.000 m2 å ta av, så det vart ikkje trengsel om det var over tusen kundar i butikken samtidig.

Med over 4.000 m2 golvplass så var det plass til alle da Hageland arrangerte Midtsommarmarknad laurdag. Foto Jon Olav Ørsal
Det var antyda at det kanskje var mindre folk enn sist, men etter kvart viste det seg at det vart full trøkk heile dagen, så tilsammen så trur Nina Monsøy som er koordinator at besøkstale er omtrent som budsjettert. Som sagt var det mykje folk og god stemning, og på parkeringsplassen utafor hagesentret var det parkert bilar over alt, men 6 parkeringsvakter heldt god orden og sørga for at ingen var innparkert.
Hageland og Byggmakker hadde invitert rundt 50 utstillarar til å bli med på Midtsommarmarknaden, og det var tydeleg at det var midt i blinken både for kundane og for tilbydarane det var trøkk på alle dei 50 standane og utstillarane melder om godt salg og stor trivsel. Det var utstillarar frå Romsdalen og langt oppover Trøndelag som deltaok i Midtsommarmarknaden, og det er bra at slike arrangement kan være med og skape liv og røre – det er positivt for alle seier Monsøy som alt no gler seg til julemarknaden

Kristian og Inger Anita sørga for traktering til kundane som dei sette stor pris på. Foto Jon Olav Ørsal
Nedafor har vi laga eit stort galleri som viseer mange av utstillarane som deltok på Midtsommarmarknaden på Syltøran i dag. Alle foto: Jon Olav Ørsal


