Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populær gåve frå Sparebankstiftelsen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. juni 2026

I dag kunne dagleg leiar og representantar frå styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank sleppe «gladnyheita» om at dei sikrar det populære leirskuletilbodet på Bjørnsund for elevane på sjuande årstrinn i Surnadal kommune økonomisk. Sparebankstiftelsen vil gje hundre tusen kvart år fram til 2032, for å sikre at elevane på sjuande årstrinn framleis får leirskuletilbod på Bjørnsund.

Det var i samband med budsjetthandsaminga i Surnadal kommunestyre rett før jul, at kommunestyret vedtok å seie opp avtalen om leirskuletilbod på Bjørnsund og erstatte dette med leirskuletilbod på Søvassli som var rundt hundre tusen billigare kvart år.

Jostein Kvendset, Nils Inge Aasgård og Karina Wigum kunne konstatere at elevar og foreldre, her representert ved Espen Røv og Heidi Reiten, var kjempe nøgde med gåva frå Sprarebankstiftelsen. Foto: B G Ansnes

Dette har i ettertid ført til misnøye både hos elevar og føresette, fordi dei meiner tilbodet på Bjørnsund er det leirskuletilbodet som gjev det desidert beste tilbodet og meirverdi for elevane.

– Vi er veldig glade for at Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank vil være med å finansiere eit fortsatt leirskuletilbud på Bjørnsund, seier ein godt nøgd Espen Røv, FAU-representant ved SUBUS.

– Ja, dette var verkeleg ei skikkeleg gladnyheit, isteme engasjert mor, Heidi Reiten.

Da er altså leirskuletilbodet på Bjørnsund for elevane på sjuande årstrinn i Surnadal kommune sikra fram til 2032.

– Vi er glade for å sjå at dette var ei populær gåve og noko elevane verkeleg sett pris på, fastslo styremedlemmane Jostein Kvendset, Linn Hamnes og Nils Inge Aasgård slå fast.

Publisert: 16. juni 2026, 05:00