Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Populært juletorg

Populært juletorg

Elinor Bolme Laurdag 3. desember 2011

I dag var det arrangert Juletorg for 3. gongen på låven i Svinvik Arboret. Og som vanleg ved desse arrangementa var det fullt med folk som hadde møtt opp for både å sjå og handle. For mulegheitene for ein litt annleis handel var absolutt tilstades også i år. Her var julebakst, heimlaga saft, diverse marmeladar og sirupar, julekransar julepynt, julenek, honning og naturleg vis ein del handarbeid. Alt av trearbeid som vart seld var for eksempel laga av tre frå Arboretet. som lønn og rhododendron.

Inne i hovedhuset, der kafeen er var det fullt opp for serveringsdamene. Safranbollane gjekk unna etter kvart som dei kom ut av omnen. Praten gjekk livleg rundt dei fulle borda, ei fin anledning til å ta ei pause i juleforberedelsane. Difor måtte det også bordsetting til i 2. etasejn for å få sitjeplassar nok til alle som kom.

Under er ein del bilder frå både låven og hovudhuset. Alle foto Elinor Bolme

Publisert: 3. desember 2011, 21:09