Måndag 13. april var heile 18 danseglade personar samla i Todalen ungdomshus. Her vart det instruksjon både i polsdans og andre tradisjonsdansar.
Instruktørar er Jorun og Rune Hannem frå Meisingset. Dei har dansa både polsdans og andre bygdedansar i mange år og har grundig kunnskap til dansetradisjonane på Nordmøre. I tillegg er dei erfarne danseinstruktørar og gjer eit viktig arbeid med formidle kulturarven. Stor ros til dei!
Skulstuå i Todalen er arrangør, og Ragna Kvendset kunne fortelje at det blir ny dansekveld tysdag 28. april.
Polsdanshistorie
Leif Halse skildrar dansen slik i bygdeboka Todalen frå 1943: «I gamle dagar dansa dei mest berre pålsdans og ril. Dansen gjekk så stuetelet dissa, og dansarane var kåte og spretne først i kula. Karane la tjukkleggen i golvet og spratt beint opp att, og dei slo på skohælen med flathanda så det berre klask! Om Ol Knutson og Erik Øyom fortel gammelt folk at dei dansa både fint og lett. … Om Brit Bakkom seiest det at ho dansa så roleg at ho kunne danse pålsdans med eit fullt brennevinsglas oppå hovudet.» Dansarane som er nemnde her, er fødde rundt 1820.

Polsdansarar ved Ungdomshuset i 1972. Fremst spelemennene Leif Halse og John Røen. Dansarar frå venstre: Reidun Husby, Narve Talgø, Maren Ansnes, Anders Ansnes, Lars Husby, Olina Halle, Ingebrigt Husby, Marit Husby Heggøy, Erik Ansnes, Randi Ramsøy, Peder Øyen, Lisbet Halle, Margit Bruset, Knut Steinar Redalen. Den eldste, Ingebrigt Husby, er fødd i 1888 og den yngste er barnebarnet Reidun, fødd i 1949. Frå arkivet til Todalen historielag.
I 1905 vart det arrangert kappleik for fele i Kristiansund, og der stilte tre dansepar for syne fram polsdansen. Romsdalsposten omtala framsyninga slik: «Todalingene danset både på en kraftig og elegant måte»
Polsdansen kom ut av bruk og var nesten gløymd da Olav Mogstad, frå Surnadal og BUL Nidaros, sette i gang arbeidet med «å redde polsdansen». Han og John Røen reiste til Kårvatn og fekk god hjelp av Olina Halle. Det vart intens øving før filminnspeling i 1972 og 1974. Filmpremiere i Ungdomshuset 18. oktober 1975.




