Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plenty å velje mellom på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. november 2025

Seks filmar på Surnadal kino denne veka, der to av filmane har noregspremierar!

HVIS INGEN GÅR I FELLA

Familiefilmen «Hvis ingen går i fella» er en hysterisk morsom og spennende actionkomedie som kan bli en ny, norsk juleklassiker», skriv Aftenposten. Og dei er ikkje åleine om å vere svært raus med terningkastet for filmen. Tittelen er stolen frå Prøysen, men filmen liknar nok meir på «Hjemme alene»-filmane.

REISEN MOT NORD

Det gjer også den norske animasjonsfilmen Reisen mot nord som er basert på H. C. Andersens eventyr «Snødronningen»: «Storslått norsk variant av Disneys FROST», melder Adressa. Og storslegne nordnorske landskap sel også bra ute: 56 land, så langt, har kjøpt filmen. Kritikarane legg seg på kring fire på terningen.

KLÆBO

Johannes Høsflot Klæbo stod også for litt av eit eventyr under ski-VM i Trondheim. Dokumentarfilmen Klæbo skildrar den tunge forhistoria fram til gulla vart sikra: «Klæbo er (…) en fin film om ofrene som ligger bak de utrolige resultatene», NRK Filmpolitiet (4 på terningen).

HJEM KJÆRE HJEM

Det kan også vere eit slit å arbeide i heimesjukepleia, men utan å bli krona med gull i etterkant. Danske Hjem kjære hjem går i Filmklubben onsdag 19. november kl. 12 og Aftenposten meiner den er ein av dei viktigaste filmane i år. Adresseavisen hiv seg på og vil anbefale filmen sterkt, også av di dei meiner den er like aktuell i Noreg som i Danmark. Filmen tek for seg det aukande tidspresset som gjer det utfordrande å gi den omsorga 32 år gamle Sofie kjenner ho bør yte, både på arbeid og heime.

To amerikanske premierer denne veka, begge eit godt stykke unna nordisk kvardag.

WICKED FOR GOOD

Onsdag kjem oppfølgaren Wicked for good. Musikalen, med Cynthia Erivo og Ariana Grande i hovudrollene, har ikkje nådd kritikarane enno, men dei som har sett filmen er visstnok fortrylla.

Now you see me: Now you don’t

Meir trylling: Fredag 21. november kjem den tredje filmen om magikarane (og svindlarane) i Now you see me:, Now you don’t. Det er ein såkalla «heist-film» – altså filmar som skildrar utspekulerte kupp, innbrot og slike fantestrek – og Woody Harrelson, Jesse Eisenberg og Morgan Freeman sørger for kontinuiteten i filmane.

Heile kultur- og kinoprogrammet finn ein på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 16. november 2025, 11:31