Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Husk!: – Planlagt straumutkopling måndag frå kl 09:30

Jon Olav Ørsal Sundag 21. desember 2025

 

På grunn av planlagt reparasjonsarbeid i Todalsstranda etter stormen Amy, blir det straumutkopling måndag 22. desember i tidsrommet 9:30 til 12:00. 

Kraftlinja inn til Todalen vart øydelagt på grunn av trefall, men er no reparert, og no er det tid for å kople inn att den ordinære linja for straumleveranse til heile Todalen.

Det var skade på linjenettet fleire plassar innover stranda – her er bilete frå oppryddingsarbeidet. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

S-Nett beklagar ulemper dette medfører – du kan ringe vakttelefonen på 924 20 050 dersom du har fleire spørsmål om straumutkoplinga eller les driftsmeldinga på: https://snett.no/driftsmeldinger/

Publisert: 21. desember 2025, 19:00